Samferdselsdepartementet

Postens bankplikt framleis viktig

Pressemelding   •   feb 08, 2011 09:22 CET

Ein ny rapport syner at banktransaksjonane i nettet til Posten berre er om lag 10 prosent av nivået på byrjinga av 1990-talet, men om lag 15 000 – 25 000 kundar er i dag framleis avhengige av banktenestene som Posten tilbyr. – Dette er noko vi må leggja vekt på når vi no gjennomgår den nye postlova, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Copenhagen Economics har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utgreidd behovet for banktenester i nettet til Posten Norge AS. I rapporten vert det konkludert med at bankplikta for Posten kan opphevast heilt eller delvis.

- Når volumet av banktransaksjonar i nettet til Posten har falle så kraftig er det naturleg at vi ser på lovgivinga. Rapporten nemner fleire alternativ til avvikling. Til dømes kan Posten finna det lønsamt å samarbeida med ein bank for å gje tilbod om banktenester. Det kan òg vera eit alternativ å behalda bankplikta for landpostbodrutene, slik at sårbare kundar sikrast tilgang til banktenester, seier samferdselsministeren.

På statsbudsjettet for 2011 er det sett av 191 millionar kroner til statleg kjøp av banktenester i nettet til Posten Norge. 

- I fall det vert naudsynt, vil eg fremja forslag overfor Stortinget om eventuelle  endringar i bankplikta til Posten, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.


For fleire opplysningar – sjå:
• Rapporten Bank services in the postal network (pdf), av Copenhagen Economics