Fiskeri- og kystdepartementet

Presseinvitasjon - Seminar om klima og berekraftig hausting og produksjon av mat i Norden

Pressemelding   •   des 15, 2009 09:02 CET

I København: Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og landbruks- og matminister Lars Peder Brekk inviterer til seminar om klima, matsikkerheit og berekraftig hausting og produksjon av mat i Norden.

På arrangementet vil det vere eit utval faglege presentasjonar og etterfølgjande diskusjon rundt:

Konsekvensane av klimaendringane for matproduksjonen og livet i havet
Matsikkerheit og klimatilpassing
Det blir sett av tid til intervju.

Tid: 17. desember kl 11.00 - 13.30.
Sted: Om bord på Havforskingsinstituttets forskingsfartøy G.O. Sars, Langelinje kaj i København.

Innleiarar:
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen
Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk
Direktør Cary Fowler, Global Crop Diversity Trust i FAO, FNs mat- og landbruksorganisasjon
Forskar Kathrine Michalsen, Havforskingsinstituttet
Forskar frå Nordforsk