Voss Veksel- og Landmandsbank

Pressemelding

Pressemelding   •   des 16, 2009 09:56 CET

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA har i dag vorte
meddelt frå Kredittilsynet at Voss Sparebank på visse
vilkår har fått løyve til å erverva inntil 20% av
aksjekapitalen i banken.

Kredittilsynet gjer samstundes Voss Sparebank merksam
på at kjøp av aksjar i Vekselbanken utover 10% berre
kan gjennomførast dersom det ved vedtektsendring på
banken si generalforsamling vert opna for eigarskap
utover 10%.

Styret i banken har ved fleire høve i haust handsama
saka om Sparebanken Vest sitt løyve til erverv av
inntil 20% av aksjekapitalen i banken. Styret sin
strategi er at Vekselbanken skal vera ein fri og
sjølvstendig bank med spreidd eigarskap og sterk
lokal forankring i tråd med tradisjonen i 110 år og
vil difor ikkje fremja forslag om slik endring av
eigargrensene.

Voss, 16.desember 2009

Einar Larsen
Fungerande banksjef