Utenriksdepartementet

Pressestipend for reise til Sudan

Pressemelding   •   sep 06, 2010 17:08 CEST

Utanriksdepartementet lyser på nytt ut pressestipend i samband med miljø- og utviklingsminister Erik Solheim si reise til Sudan i oktober.

Søknadsfrist for pressestipendet er søndag 12. september 2010.

Solheim skal besøke både Nord- og Sør-Sudan. Formålet med besøket er å understreka partane sitt ansvar for å følgje opp fredsavtalen og understreke Noregs aktive rolle og engasjement.

Sjå film om Noregs innsats i Sudan her.

For å stimulere til kunnskap og debatt om norsk utviklingssamarbeid lyser Utanriksdepartementet ut inntil tre stipend på inntil 15.000 kroner. Journalistar som ynskjer å delta på heile eller delar av reisa kan søke. Det vil verte krav om rekneskapsoversikt, samt kopi/lenkjer til publisert materiale. Sjå retningslinjene Utanriksdepartementet har for pressestipend.

Send kort søknad med bakgrunn om søkjar og planlagde kanalar for publisering elektronisk til . Merk e-posten «Journaliststipend» og stil til:

Utanriksdepartementet
Avdeling for regionale spørsmål og utvikling
Seksjon for etatsstyring, budsjett og forvaltning
PB 8114 Dep.
0032 Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Trine Jøranli Eskedal, e-post: , mobil 415 21 639.

***

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgivarar brukar Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Teksten du les no har ein verdi på 39. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.