Utenriksdepartementet

Pressestipend for reise til Tanzania

Pressemelding   •   okt 14, 2010 08:53 CEST

Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med reise til Tanzania som har utdanning som fokus. Statssekretær Ingrid Fiskaa og kjendislærar Håvard Tjora er med på reisa.

Fiskaa besøkjer Tanzania 29. november 2010. Ho skal følgje opp norsk bistand til utdanning i Tanzania. Håvard Tjora, læraren kjent fra tv-serien Blanke ark er óg med på reisa. Saman skal dei mellom anna besøkje ein skule. Dei møter elevar og lærarar og for å snakke om skule og utdanning. Noreg bidrar til utdanning i Tanzania og betaler grunnutdanninga for 51.000 barn. Støtta går mellom anna til FNs barnefond (Unicef).

For å stimulere til kunnskap og debatt om norsk utviklingssamarbeid lyser Utanriksdepartementet ut inntil tre stipend på inntil 15.000 kroner. Journalistar som ynskjer å delta på heile eller delar av reisa kan søke.  Det vil verte krav om rekneskapsoversikt, samt kopi/lenkjer til publisert materiale. Sjå retningslinene Utanriksdepartementet har for pressestipend.

NB! Søknadsfrist 24. oktober 2010.

Send kort søknad med bakgrunn om søkjar og planlagde kanalar for publisering elektronisk til . Merk e-posten «journaliststipend» og stil til:

Utanriksdepartementet
Avdeling for regionale spørsmål og utvikling
Seksjon for etatsstyring, budsjett og forvaltning
PB 8114 Dep.
0032 Oslo

Pressekontakt:
Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms) eller e-post