Statens landbruksforvaltning, SLF

Prisauke på agurk og potet

Pressemelding   •   feb 16, 2010 11:40 CET

Det er ingen store endringar i omsetnaden av grønsaker denne veka. Små lager og god kvalitet for agurk og potet har ført til ein prisauke på desse varene. Lagera for løk er snart tomme, mens det no er heilt slutt for norsk rosenkål, purre og kinakål.

Markedsinformasjon uke 7
16. februar 2010

Stor etterspurnad og godt sal av norsk agurk gir ein auka noteringpris. I veke sju blir agurk notert til kr 6,27 per stk. Det er inga endring for dei andre veksthusgrønsakene.

Grønsaker
Lagera for både raudløk og kepaløk reduserast raskt i takt med etterspurnaden. Prisen vert notert til kr 7,76 per kg for raudløk, og kr 5,93 per kg for kepaløk. Lagera av purre og kinakål er tomme og vert tekne ut av notering f.o.m. veke sju.

Salet av kålrot er godt og det er framleis ein del att på lager. Prisen vert notert til kr 6,00 per kg. Prisauken i førre veke har ikkje ført til endringar i salet av gulrot. Prisen vert notert til kr 6,94 per kg.

Potet
Det er lite potet på lager, og varen er av bra kvalitet. Det vert meldt om eit greitt sal av poteter, og prisen vert notert til kr 3,08 per kg. Talet på feileiningar som ligg til grunn for berekninga av potetprisen er 7,9.