Statistisk sentralbyrå SSB

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon, 4. kvartal 2009

Pressemelding   •   feb 25, 2010 10:05 CET

Uendra prisar for teletenester

Prisane for telekommunikasjonstenester var uendra, mens prisane for
datakonsulenttenester gjekk ned med berre 0,3 prosent frå 3. til 4. kvartal
2009.

[Figur: Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal
2006-4. kvartal 2009. 2006=100 ]

For private kundar, som utgjer den største kundegruppa innanfor
telekommunikasjonstenester, var det likevel ein prisauke på knapt 0,9
prosent for desse tenestene frå 3. til 4. kvartal 2009. Denne kundegruppa
opplevde ein prisnedgang på 7,3 prosent i 4. kvartal 2008, men nedgangen
vart betydeleg redusert i løpet av 2009. Prisane for bedriftskundar gjekk
ned 1,2 prosent frå 3. til 4. kvartal 2009, hovudsakleg på grunn av
prisfall på internettenester.

Frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009 fall prisane på
datakonsulenttenester med 2,0 prosent. Prisane for
telekommunikasjonstenester fall med 3,4 prosent i den same perioden.

[Tabell: Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 4. kvartal
2009. 2006=100. Endring frå same kvartal året før og frå førre kvartal.
Prosent]

Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksar

Denne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny
næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for
telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester vart da slått saman
til ei publisering. Etter krav frå Eurostat er ny felles referanseperiode
for tenesteprisindeksane teken i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal
2009, med 2006=100. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle
tabellar.


http://www.ssb.no/tpiikt/