Kommunal- og regionaldepartementet

Prosjektet ”utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken” gir resultat

Pressemelding   •   jun 15, 2011 08:49 CEST

Frå å liggje under landsgjennomsnittet, har kommunar som satsar på eigne tiltak for kvinnelege politikarar no både fleire toppkandidatar og fleire kvinner på listene enn landsgjennomsnittet.

- Svært gledeleg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. – Eg meiner dette syner at systematisk jobbing for å rekruttere kvinner i lokalpolitikken nyttar - sjølv om det går langsamt. No er eg spent på kva resultat som kjem også etter valet 12. september.

Dei 22 utvalde kommunane i prosjektet Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken, testar ut ulike tiltak som kan gjere at kvinnedelen i kommunestyra aukar raskare enn den har gjort dei siste 20 åra. Desse 22 kommunane har i heile tidsromet 1979 – 2007 lege eitt eller nokre få prosent under det nasjonale gjennomsnittet når det gjeld kvinnedel mellom listekandidatar og kandidatar med stemmetillegg.

I år ligg kvinnedelen mellom listekandidatar, 1. kandidatar og kandidatar med stemmetillegg på vallistene over landsgjennomsnittet i desse kommunane: Medan det nasjonale gjennomsnittet for kvinnedelen mellom listekandidatar er 41,7 prosent, så er gjennomsnittet 42,2 prosent for utstillingsvindaugekommunane. Landsgjennomsnittet for kvinnedelen av listekandidatar med stemmetillegg er 41,3 prosent og for utstillingskommunane er det 43,1 prosent. Når det gjeld kvinnelige kandidatar som står på 1. plass på listene, så ser vi at i prosjektkommunane er gjennomsnittet 30,4 prosent, mens landsgjennomsnittet for kvinnelige kandidatar på 1. plass er 27,9 prosent.

Samanliknar vi med vallistene frå før utstillingsvindaugeprosjektet (med vallistene i 2007), så ser vi at delen kvinner på listene har gått opp frå 41,2 til 42,2 prosent, delen kvinnelige 1.kandidatar har gått opp frå 40,2 til 43,1 prosent og delen kvinner med stemmetillegg har gått opp frå 27,0 til 30,4 prosent.

- Utstillingsvindaugekommunane prøver ut ulike tiltak. Eg er oppteken av at folkevalde landet rundt skal representere alle innbyggjarane på ein god måte, og då må kvinnedelen enda høgare, seier Navarsete. – Dette krev at politiske parti landet rundt er bevisste på å rekruttere kvinner inn i politikken, og legge tilhøva i politikken til rette også for kvinner. No må vi avvente valet og fordelinga av verva etterpå for å sjå nærare på kva for tiltak som har verka godt. Effekten av tiltaka blir evaluert av valforskarar ved Uni Rokkkansenteret når resultatet av valet og konstitueringa ligg føre.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.