Medietillsynet

Rapport om enkeltkanalar

Pressemelding   •   feb 14, 2011 13:50 CET

Kulturminister Anniken Huitfeldt mottok i dag rapporten om val av enkeltkanalar, auka mangfald og valfridom for fjernsynssjåarane. Rapporten tilrår at styresmaktene ikkje påleggjer bransjen å tilby abonnement på einskilde kanalar.

Ei av hovudinnvendingane er at det er usikkert om regulering vil gi ønskt effekt på pris, kvalitet, valfridom og mangfald. Gruppa foreslår fleire tiltak som kan vere med på å styrkje mangfaldet og valfridomen til fjernsynssjåarane:

  • Etablering av ein ”TV-portal” som skal auke kunnskapen om fjernsynsmarknaden hos forbrukarane
  • Vurdering av om Brukarklagenemnda for elektronisk kommunikasjon også bør handsame klagar over levering av TV-tenester
  • Aktørane i marknaden bør vurdere opne løysingar for mottak av Internett-basert TV
  • Styresmaktene bør stimulere til utbygging av høgkapasitetsnett
  • Etablering av ei fast gruppe med oppgåve å følgje utviklinga og konkurransen i TV-marknaden og gjere forbrukarundersøkingar

– Eg takkar for det arbeidet arbeidsgruppa har gjort. Vi kjem no til å sende rapporten på høyring før vi konkluderer, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Rapporten er utarbeida av ei partssamansett arbeidsgruppe leia av spesialrådgjevar Helge Sønneland.  TV 2, NRK, MTV, Schibsted, MBL, Get, Telenor, Viasat/MTG, RiksTV, Altibox, Forbrukarombodet, Forbrukarrådet, Konkurransetilsynet , Post- og teletilsynet og NORWACO.

Medietilsynet har hatt sekretariatet for arbeidsgruppa.