Kredittilsynet

Rapportering i samband med årsoppgjeret 2009

Pressemelding   •   des 16, 2009 09:16 CET

Sendt til:

Forretningsbankar
Sparebankar
Finansieringsføretak
Filialar av utanlandske kredittinstitusjonar (NUF)

 

Innleiing

Rundskrivet er utarbeidd av Kredittilsynet i samarbeid med Statistisk sentralbyrå. Det omhandlar rapportering i samband med årsoppgjeret 2009, og orientering om endringar i kodelister og rettleiingar m.m. i ORBOF-rapporteringa som gjeld for rekneskapsåret 2009.

For rekneskapsåret 2009 gjeld ”Lov om årsregnskap m.v. av 17. juli 1998 nr 56” (rekneskapslova) og ”Forskrift av 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike”.

Årsrapportering i ORBOF

Følgjande rapportar i Offentlig regnskapsrapportering for banker og finansieringsforetak – ORBOF skal avstemmast mot kvarandre og sendast inn til Statistisk sentralbyrå:

  • Rapport 20 ”Årsresultatregnskap”
  • Rapport 50 ”Årsbalanse”
  • Rapport 51 ”Tilleggsspesifikasjoner til årsrapporteringen”
  • Rapport 60 ”Avledet balanse med utvidete statistiske kjennetegn”

 

Tidsfristane for ORBOF-rapporteringa

Innrapporteringsfrist for alle rapportane er 31. mars 2010, med unntak av at rapport
20 ”Årsresultatregnskap” og rapport 50 ”Årsbalanse” for sparebankar med mindre enn 10 milliardar kroner i forvaltningskapital, som har frist 5. mars 2010.

 

Årsrekneskap, årsmelding, revisjonsmelding m.m.

Sparebankar med forvaltningskapital på meir enn 10 milliardar kroner og alle forretningsbankar, kredittføretak og finansieringsselskap skal sende inn årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding (jf. rekneskapslova §§ 3-1, 3-2 og 3-3a og revisorlova § 2-1 og § 5-6) så snart årsrekneskapen er vedteken av styret og forstandarskapet/representantskapet, og seinast innan 31. mars 2010. Fristen for innsending av årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for sparebankar med forvaltningskapital som er mindre enn 10 milliardar kroner, er 5. mars 2010.

Følgjande dokument skal sendast inn samtidig med årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding:

  • Kontrollkomiteen si melding / utskrift av kontrollkomiteen sin protokoll til Kredittilsynet, jf. forretningsbanklova og sparebanklova § 13 og lova om finansieringsverksemd § 3-11.
  • Utskrift av styret og forstandarskapet/representantskapet sin protokoll frå møte der årsoppgjeret er behandla.

Sparebankar med forvaltningskapital på meir enn 10 milliardar kroner og alle forretningsbankar skal sende inn:

  • 4 eksemplar til Kredittilsynet (kan ettersendast)
  • 1 eksemplar til Statistisk sentralbyrå (kan ettersendast)

Sparebankar med forvaltningskapital på mindre enn 10 milliardar kroner og alle finansieringsselskap og kredittføretak skal sende inn:

  • 3 eksemplar til Kredittilsynet (kan ettersendast)
  • 1 eksemplar til Statistisk sentralbyrå (kan ettersendast)

I tillegg til årsrekneskapa i papirform ber vi om at rekneskapen blir publisert på selskapa sine internettsider, eller blir sendt til Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå på e-post.

Eitt eksemplar av årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for dotterselskap til institusjonen skal sendast til Kredittilsynet (kan ettersendast), jf. rekneskapslova § 1-3. Dersom vedlegg må ettersendast, blir rapportøren bedt om å informere om dato for når dette kan gjerast.

Oppgåver over misleghaldne lån, overtrekte rammekredittar og overtrekte innskotskontoar skal ikkje rapporterast i samband med årsoppgjeret, men skal kunne leggjast fram for Kredittilsynet etter oppmoding.

Det er ikkje krav om at delårsrekneskapane skal sendast til Kredittilsynet, men ”forskrift om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsselskap og morselskap for slike” § 9-4 krev at delårsrekneskapen skal godkjennast innan 45 dagar etter at rekneskapsperioden er slutt, og at delårsreknskapen skal vere offentleg tilgjengeleg.

 

Rapporteringsplikt for utanlandske kredittinstitusjonar i Noreg (NUF)

I samsvar med kredittilsynslova § 4 første ledd nr. 1 og ”forskrift av 2. mai 1994 nr. 326 om filial av banker og andre kredittinstitusjoner med hovedsete i et annet EØS-land” § 9, kan norske styresmakter påleggje filialen å sende inn rapportar, i skriftleg eller maskinlesbar form, som inneheld opplysningar til statistisk bruk om verksemda i Noreg.

Med heimel i den same forskrifta, skal filialar i Noreg av utanlandske kredittinstitusjonar sende inn følgjande rapportar innan utgangen av mars 2010:

  • Rapport 20 ”Årsresultatregnskap”
  • Rapport 50 ”Årsbalanse”
  • Rapport 51 ”Tilleggsspesifikasjoner til årsrapporteringen”
  • Rapport 60 ”Avledet balanse med utvidete statistiske kjennetegn”

Eitt eksemplar av årsrapporten for filialen og for selskapet som filialen er ein del av, skal sendast både til Kredittilsynet og til Statistisk sentralbyrå.

 

Endringar i ORBOF-rapporteringa og rapporteringsmaterialet

”Generell veiledning”
”Generell veiledning” blei sist endra 30. oktober 2009 og gjeld frå og med desember 2009.
Vi ber rapportørane merke seg tidsfristane for rapporteringa. Når rapporteringsfristen fell på ein laurdag eller helgedag, må rapportøren sjå til at data er sende inn til, og kvittert ut i Statistisk sentralbyrå innan kl. 11 første virkedag etter fristen.

 

Rapport 10/50 ”Månedsbalanse/Årsbalanse”
Kodelista og rettleiinga for rapport 10/50 ”Månedsbalanse/Årsbalanse”, blei sist endra 30. oktober 2009. Frå og med desember 2009 er desse nye postane innførte:

8.48.00 ”Fondsobligasjoner – Statens finansfond”
9.98.41 ”Utbytte for siste år”
9.98.50 ”Konsernbidrag for siste år”

Posten 5.89.00 ”Annen fast eiendom” går ut, og postane 7.45.11 og 7.45.61 ”Ihendehaverobligasjonslån” som gjeld behaldning og over-/underkurs ved OMF-lån har fått endra sektorgruppering.

 

Rapport 11 ”Tilleggsspesifikasjoner”
Kodelista og rettleiinga for rapport 11 ”Tilleggsspesifikasjoner” blei sist endra 30. oktober 2009. I tillegg til endringar i sektorgrupperingane er følgjande koder nye frå og med desember 2009:

  • 21.0.11.10 og 21.0.11.90 ”Verdipapirer og fordringer brukt i gjenkjøpsavtale med staten i forbindelse med OMF-ordningen” (lagde ut av føretak i samarbeidsgruppe og av andre). Post 21.0.11.00 utgår.
  • 21.0.40.25 og 21.0.40.90 ”Beholdning av rentebærende verdipapirer utstedt av foretak i samarbeidsgruppe (unntatt ansvarlig kapital)” (delt på behaldning av OMF-papir og behaldning av andre verdipapir). Post 21.0.40.00 utgår.
  • 21.1.45.25/90 og 21.4.45.25/90 ”Andre Ihendehaverobligasjoner” (delt på behaldning av OMF-papir og andre verdipapir). Postane 21.1.45.00 og 21.4.45.00 utgår.

Følgjande postar har fått endra sektorgrupperinga frå F1 til O1 frå og med desember 2009:

  • 21.0.36.00 ”Beholdning av aksjer i foretak i samarbeidsgruppe”
  • 21.0.50.00 ”Utlån til/innskudd i foretak i samarbeidsgruppe (unntatt parter i ansvarlig lån)”
  • 21.0.60.10 ”Parter i ansvarlig lån, til foretak i samarbeidsgruppe”

I rettleiinga til 17-postene ”Misligholdte engasjementer og tapsnedskrivninger/-avsetninger” er det gjort endringar i definisjonen for post 17.2.50.10 ”Misligholdte engasjementer (brutto)” slik at ein raskare kan få oversikt over misleghaldsutviklinga. Endringa i ORBOF-rapporteringa treng ikkje å føre til endringar i anna rapportering. Det er ikkje gjort endringar i kodelista. I rettleiinga er den endra definisjonen forklart, mellom anna står det der at:

”Her rapporteres bruttoverdien av misligholdte engasjementer aldersfordelt ved periodens slutt. Brutto mislighold er mislighold før fratrekk for tapsnedskrivninger/avsetninger og verdi¬fall som følge av endringer i kredittap. Aldersfordelingen regnes fra det tidspunktet kunden ikke har betalt forfalte terminer eller når det foreligger ikke avtalt overtrekk på rammekreditt. Eksempelvis vil manglende innbetaling på lån eller overtrekk av rammekreditt føre til at engasjementet senest innen 30 dager klassifiseres som misligholdt. Løpetidskode må endres etter hvert som misligholdet vedvarer”.

Postane 40.6.20 og 40.7.50 som gjeld innskott og lån via låneformidlarar, er tekne ut av rapporteringa.

 

Rapport 20/21 ”Årsresultatregnskap/Kvartalsresultatregnskap”
Kodelista og rettleiinga for rapport 20/21 ”Årsresultatregnskap/Kvartalsresultatregnskap” blei sist endra 30. oktober 2009. Frå og med desember 2009 er følgjande nye postar innførte, i all hovudsak tilpassingar for dei som fører rekneskapa sine etter IFRS:

  • 1.10.2.61 ”Renteinntekter mv. (utlån vurdert til virkelig verdi) hvor det er gjort nedskrivninger”
  • 8.90.0.00 ”Andre resultatkomponenter (ekskl. skattekostnader)”
  • 9.02.0.00 ”Effekt av endringar i regnskapsprinsipper og korrigering av feil i inngående balanse”
  • 9.04.9.98 ”Mottatt/Avgitt konsernbidrag ekskl. fordeling til eierne, Annen opptjent egenkapital”
  • 9.05.9.98 ”Fordeling til eierne (utbytte mv), Annen opptjent egenkapital”
  • 9.60.9.96 ”Overføringer fra egenkapitalfond mv., Bundet opptjent egenkapital”
  • 9.70.9.96 ”Disponering av årsoverskudd og overføringer, Bundet opptjent egenkapital”

 

Rapport 35 ”Endring i realkapital”
Denne rapporten er opphørt frå og med 2009.

 

Rapport 51 ”Tilleggsspesifikasjoner til årsrapporteringen”
Kodelista og rettleiinga for rapport 51 ”Tilleggsspesifikasjoner til årsrapporteringen” blei sist endra 30. november 2009. Fordi rapport 35 ”Endring i realkapital” er opphørt som sjølvstendig rapport frå og med 2009, er nokre av postane som før blei rapporterte i rapport 35, no tekne inn i rapport 51 og skal rapporterast frå og med desember 2009. Dette gjeld ny post 35 ”Kjøp/salg mv. av realkapital og immaterielle eiendeler”. Post 55 ”Markedsverdi/virkelig verdi av balansen” og post 56 ”Pålydende verdi  av balanseposter” gjeld ikkje lenger.

Alle selskapa, også dei som nyttar IFRS, skal rapportere post 91 som gjeld renteinntekter og rentekostnader.

 

Rapport 60 ”Avledet balanse med utvidete statistiske kjennetegn (år)”
Kodelista for rapport 60 ”Avledet balanse med utvidete statistiske kjennetegn (år)” blei sist endra 30. oktober 2009. Frå og med 2009 er postane 1.89.00/4.89.00 ”Andre eiendeler” gått ut og erstatta av følgjande koder:

  • 1.89.80 ”Finansielle derivater” og 1.89.90 ”Andre eiendeler”
  • 4.89.80 ”Finansielle derivater” og 4.89.90 ”Andre eiendeler”
  • 7.75.80 ”Annen gjeld, Finansielle derivater”

I tillegg til desse endringane minner vi om at rapport 60 etter innføringa av ny næringsstandard i mai 2009 har same næringsstandard som rapport 10 og 50.

Endringar i kodelistene er omtalte på siste side i kodelistene under ”Oversikt over endringer i kodelisten”. Endringane i kodelistene og rettleiingane er tilpassa både rapportørar som følgjer dei internasjonale rekneskapsstandarane, IFRS, og dei som følgjer dei ordinære reglane i rekneskapslova og årsrekneskapsforskrifta.

Dersom selskapet i arbeidet med årsoppgjeret, etter at rapport 10 ”Månedsbalansen” og rapport 21 ”Kvartalsresultatregnskapet” for fjerde kvartal er leverte, finn større eller viktige endringar i forhold til kva som alt er levert i rapport 10 eller 21, må det leverast korrigeringar av desse rapportane. Dette gjeld heilt til årsrapportane (rapport 20 ”Årsresultatregnskapet” og rapport 50 ”Årsbalanse”) er leverte og selskapet sin årsrekneskap er gjort offentleg. Det blir òg gjort merksam på kapittel 3 ”Rapportørenhetene og rapportøransvar” i ”Generell veiledning”. Der er plikta til å melde frå til styresmaktene når det skjer store endringar av forskjellig art omtala.

 

Andre endringar
Sektorkode 391 ”Finansielle holdingselskaper” er teken ut av ORBOF-rapporteringa. Føretaka skal heretter nytte sektor 390 ”Andre finansielle foretak, ekskl. hjelpeforetak”, eventuelt sektor 398 eller 399 dersom det gjeld ”tilknyttede selskaper eller konsernselskaper”.

Det er innført tre nye sektorgrupper som foreløpig berre skal brukast i rapport 11. Dei nye sektorgruppene er O1, O2 og O3 og omfattar desse sektorane:
O1 210, 218, 250, 258, 310, 318, 390, 398 og 399 (Andre sektorar kan vere mogelege, men skal ikkje rapporterast.)   
O2 310, 318 og 319 (Andre sektorar kan vere mogelege, men skal ikkje rapporterast.)
O3 310 og 318 (Andre sektorar kan vere mogelege, men skal ikkje rapporterast.)

 

Anna rapporteringsmateriale
I ”Oversikt over sammenhengen mellom oppstillingsplanene i årsregnskapsforskriften og ORBOF-rapporteringen” (heretter kalla samanhengskatalogen) blir det gjort endringar i samsvar med innføringa av nye kodar. Institusjonar som ikkje nyttar IFRS, skal følgje tilvisingane i samanhengskatalogen når dei set opp årsrekneskapen sin, jf. årsrekneskapsforskrifta.

Ajourførte lister over klassifikasjonsvariablar i ORBOF finst på nettstaden til Statistisk sentralbyrå på denne adressa: http://www.ssb.no/skjema/finmark/rapport/orbof/kjennetegn.htm


Dei ulike delane er:

Statistiske kjenneteikn

  • ”Institusjonelle sektorer med definisjon”
  • ”Næringsgrupperinger”
  • ”Geografiske kjennetegn”
  • ”Sektorlister med finansielle og offentlige foretak”
  • ”Utenlandske selskaper notert på Oslo Børs”
  • ”Oversikt over alle bokstavkombinasjoner for sektorer”

Det er ein føresetnad at alle bankar, finansieringsselskap, kredittføretak og andre aktuelle partar gjer seg kjende med innhaldet i dette rundskrivet, og at nødvendige tiltak blir sette i verk for å fylle dei krava til rapportering som er forklarte ovanfor.

 

Emil Steffensen

Anne Stine Aakvaag


Spørsmål kan rettast til den aktuelle institusjonen ved kontaktpersonane under:

Frå 21.12.2009 skiftar Kredittilsynet namn til Finanstilsynet. Telefonnummeret vil vere det same, og den øvrige kontaktinformasjonen blir som følgjer:

Kredittilsynet/Finanstilsynet
Tlf.: 22 93 98 00
E-post: post@kredittilsynet.no (fram til 18.12.2009)
E-post: post@finanstilsynet.no
Seksjon for analyse og rapportering    
Gunnar Almklov / Ivone Campos da Cruz  
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo

 

Statistisk sentralbyrå
Tlf.: 21 09 00 00
E-post: s290fifo@ssb.no
Seksjon for finansielle foretak     
Olav Stensrud / Nina Fagereng / Kaia Solli   
Postboks 8131 Dep
0033 Oslo