Kulturdepartementet Norge

Roy Kristiansen skal leie nyoppretta avdeling i Kulturdepartementet

Pressemelding   •   feb 14, 2010 20:26 CET

Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen (60) skal leie Kulturvernavdelinga i Kulturdepartmentet som er nyoppretta frå 1. januar 2010.

Kristiansen har fungert i stillinga som ekspedisjonssjef i Kulturvernavdelinga sidan januar i år.

Roy Kristiansen har vore ekspedisjonssjef  frå 2001 til 2009 i Kultur- og kyrkjedepartementet med ansvar for mediesaker. Han har arbeidd med kringkastingssaker og mediepolitikk i departementet sidan byrjinga på 1980-talet.