Kommunal- og regionaldepartementet

Ryddar i regelverket for tilsyn med kommunane

Pressemelding   •   des 11, 2009 16:46 CET

Regjeringa legg i dag fram ei stortingmelding med ein samla gjennomgang av alle reglane som gir staten heimel for å føre tilsyn med kommunal verksemd.

- Tilsyn er eit viktig verkemiddel i staten si styring med kommunane. Men skal tilsyn vere føremålstenleg, må det vere klåre rammer for arbeidet. Denne oppryddinga i regelverket vil gjere det enklare for kommunane å skaffe seg oversikt over kva staten skal føre tilsyn med, og kvar rammene for dette tilsynet går, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete om stortingsmeldinga.

Gjennomgangen har vore eit større samordningsarbeid. Heimlane i dei ulike lovene har fått eller vil få ei meir einsarta utforming. Dette vil gjere det enklare for kommunane å forhalde seg til tilsynsreglane.

- Det har vore eit viktig oppryddingsarbeid, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet har leia arbeidet med gjennomgangen av 14 særlover som blir forvalta av mange ulike departement. Det er Stortinget som har bestilt gjennomgangen.

Gjennomgangen har ført til ei meir medviten haldning til når statleg tilsyn med kommunane kan vere eit teneleg verkemiddel. Særlovene vil no konkret vise til kva område i lova det skal førast tilsyn med.

- Tilsyn skal berre innførast på nye område når det er eit naudsynt og tenleg verkemiddel for statleg kontroll, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.