Statistisk sentralbyrå SSB

Sal av petroleumsprodukt, januar 2010

Pressemelding   •   feb 15, 2010 10:25 CET

Auka sal av petroleumsprodukt

Året starta med ein auke i salet av petroleumsprodukt. I januar i år vart det selt 778 millionar liter. Dette tilsvarer ein auke på 5,8 prosent eller om lag 43 millionar liter samanlikna med same månaden i fjor. Den prosentvise oppgangen var størst for fyringsprodukt.

[Figur: Sal av petroleumsprodukt. Januar 2010]

[Figur: Sal av bensin og diesel for januar. 2000-21010]

Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer auka med til saman 26 millionar liter i januar, eller om lag 40 prosent, samanlikna med januar førre året. Ser ein på dei to produkta kvar for seg, viser salet av fyringsparafin ein oppgang på 70,3 prosent, medan lette fyringsoljer hadde ein auke på 35,3 prosent. Det totale salet av fyringsprodukt enda på 92 millionar liter. Det auka salet kan sjåast i samanheng med dei låge temperaturane i Sør-Noreg i januar.

Meir diesel, mindre bensin

Det samla salet av bensin og diesel i januar i år enda på 384 millionar liter, ein oppgang på 5,7 prosent. Samla stod dei to produkta for om lag 49,4 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Medan dieselsalet syner ein oppgang på 9,3 prosent samanlikna med januar førre året, vart bensinsalet redusert med 1,2 prosent i same perioden. Både den avgiftsfrie
og den avgiftspliktige delen av dieselsalet syner ein oppgang, og salet av dei to produkta auka med høvesvis 7,3 og 10,1 prosent samanlikna med januar 2009.

Jetdrivstoff opp 16,2 prosent

Salet av jetdrivstoff i januar i år enda på 72 millionar liter, ein auke på om lag 16,2 prosent jamført med januar førre året. Tal frå Avinor syner ein samla oppgang i flytrafikken på 4,2 prosent i det same tidsrommet.

I motsetning til dei fleste andre petroleumsprodukta viser salet av marine gassoljer ein nedgang samanlikna med same månaden i fjor. Totalsalet i januar enda på 129 millionar liter, ein nedgang på 4,6 prosent.

Utkøyringsdagar

Det var 21 utkøyringsdagar i januar 2010, medan det i januar 2009 var
22.


http://www.ssb.no/petroleumsalg/