Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Kleppa: Feil om Widerøe og startavgifter

Pressemelding   •   nov 24, 2010 17:05 CET

Samferdselsdepartementet viser til oppslag og debatt  i det siste om lufartsavgifter. Under følgjer innlegget "Feil om Widerøe og startavgifter av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Me ser gjerne at innlegget kjem på trykk så snart som mogleg.

Til redaksjonen

Feil om Widerøe og startavgifter
Av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Det samla avgiftsnivået ved lufthamnene til Avinor aukar med 1,3 prosent i 2011. Reelt sett går avgiftene truleg ned, fordi det er venta at det generelle prisnivået vil auka med 1,6 prosent. Opplysningane som nylig kom fram i NRK Nordland om verknadene av dei nye avgiftene og deling av startavgifta er feil.

Tvert om er Widerøe det selskapet som kjem best ut av omlegginga av startavgifta. Ei typisk Widerøe-maskin (Dash 8-100) med eit belegg på 70 pst. får ein avgiftsreduksjon på 1,9 pst. (3 kr per passasjer) på avgangar frå lufthamner som ikkje har rabatt på startavgifta – Bodø (som Widerøe nyttar relativt mykje), Værnes, Flesland, OSL, Torp, Sola med fleire. På avgangar frå lufthamner som har rabatt på startavgifta vil tilsvarande avgangar få ein avgiftsauke på 4,7 pst. (6,50 kr per passasjer). Dette gjeld lufthamner på Nord-Vestlandet og Nord-Noreg utanom Bodø.

I sum gir dette ein avgiftsauke som i snitt er langt lågare enn det som går fram av innslaget. I disse berekningane er det dessutan ikkje tatt høgde for at undervegsavgifta blir redusert med 3 pst. i 2011.Dette betyr at avgiftsendringa for Widerøe i 2011 er så marginal at det ikkje er grunnlag for å hevda at dette skal truga enkeltruter eller flytilbodet i Nord-Noreg.

Samferdselsdepartementet vil gjerne fortsetja å ha ein god dialog med selskapa om avgiftspolitikken. Det er sett i gang ei utgreiing av avgiftene som skal følgjast opp i 2011. Selskapa er inviterte til å delta i dette arbeidet. Men ein føresetnad for god dialog er at ein baserer seg på fakta.



For meir informasjon - ta kontakt via:

Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 ( kvardagar 08-16)