Nærings- og handelsdepartementet

Seks nye næringsklyngjer får status som Arenaprosjekt

Pressemelding   •   jun 14, 2011 16:38 CEST

Regjeringa satsar offensivt på å bidra til å utvikle eit moderne og konkurransekraftig norsk næringsliv i heile landet. Fleire sterke og nyskapande næringsklyngjer er eit sentralt viktig ledd i regjeringa sin politikk for auka verdiskaping og busetjing. Statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet, Hege Solbakken og statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet, Hallvard Ingebrigtsen, gir i dag seks lovande regionale næringsklyngjer status som nye hovudprosjekt i Arenaprogrammet.

Dei seks nye Arenaprosjekta er:

  • Arena Maritime CleanTech West, Hordaland
  • CWN Vannklyngen, Vestfold
  • Lønnsomme vinteropplevelser, Troms
  • Smart Water Communities Cluster, Trøndelag
  • Arena Smart Grid Services, Trøndelag
  • Arena Ocean of Opportunities, Rogaland

- Noreg treng sterke næringsmiljø med vekstkraftige bedrifter i framtida. Det må leggjast til rette for nyskaping og innovasjon i alle næringar i heile landet. Regjeringa jobbar difor for å få fram fleire sterke regionale næringsklyngjer, som også er viktig for å skape fleire kompetansearbeidsplassar i heile landet. Dei seks nye Arenaprosjekta er spanande og nyskapande klyngjer i framtidsretta næringar med stort potensiale for vidare vekst og utvikling. Det er særleg interessant at fleire av dei Arenaprosjekta som er valde ut  i år, er innanfor det nye satsingsområdet miljøteknologi, seier statssekretær Hege Solbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.

Den statlege finansieringsramma for Arenaprogrammet er i 2011 på 37 millionar kroner. For kvar klyngje kan dette utgjere 1,5 - 2 millionar kroner i årleg støtte.

- Bedrifter må delta på den internasjonale konkurransearenaen for å kunne overleve i framtida. Moglegheitene for dette er ofte større når bedriftene samarbeider i nettverk om innovasjon, kompetanseutvikling og internasjonalisering. Arenaprogrammet skal hjelpe til med utvikle langsiktige samarbeid, seier statssekretær Hallvard Ingebrigtsen i Nærings- og handelsdepartementet.

Arena programmet eies av Innovasjon Norge, Norges forskningsråd og SIVA med Innovasjon Norge som hovedansvarlig for gjennomføring av programmet.

Nærare om dei seks nye Arenaprosjekta:

Arena Maritime CleanTech West
Klyngja samlar bedriftsaktørar innanfor den maritime næringa på Sørvestlandet. Gjennom Arena-prosjektet vil bedrifter, FoU- og utdaningsinstitusjonar samarbeide om utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av maritim miljøteknologi. Bedriftene ønskjer på ein offensiv måte å møte stadig strengare miljøkrav og utfordringar knytt til framtidig tilgang til og prisauke på fossile brennstoff.

CWN Vannklyngen
Vel 30 entreprenørbedrifter og kunnskapsmiljø innan vasshandsaming i Vestfold og Grenland tek del i prosjektet. Dei arbeider alle i ein nasjonal og internasjonal marknad. Klyngja skal vidareutviklast for å realisere det potensialet som ligg i auka kompetanse for energi- og miljøvennlege løysingar for reining av vatn.  

Lønnsomme vinteropplevelser
Aktøranne i denne klyngja er reiselivs- og opplevingsbedrifter i Troms og Nordland. Dei har ei felles utfordring: Heilårsdrift med mange nok kundar i vintermånadene. Desse bedriftene tek del i prosjektet for å realisere potensiale for vekst i vintersesongen. Sentralt i prosjektet står samarbeid om innovasjon, internasjonalisering og utvikling av kunnskap. 

Smart Water Communities Cluster
Denne bedriftsklyngja har tyngdepunkt i Leksvik i Nord-Trøndelag. Klyngja arbeider innan vassteknologi. Bedriftene satsar på høg innovasjonsaktivitet, utvida samarbeid mellom bedriftene og aktiv bruk av FoU for å sikre auka konkurransekraft og verdiskaping. Prosjektet skal vidareutvikle den midtnorske klyngja med sikte på eit veksande globalt marknad innan vatn- og avløp.  

Arena Smart Grid Services
Prosjektet har som ambisjon å utvikle ei sterk klyngje av industribedrifter for å arbeide med å utvikle og ta i bruk Smart Grid-teknologi. Denne teknologien tyder at ein byggjer ut det elektriske nettet og elektriske apparat med tovegs kommunikasjon, ny sensorteknologi og avanserte kontrollsystem. Det vil gjere det mogleg å styre produksjon og bruk av strøm gjennom heile verdikjeda på ein heilt annan måte enn i dag. 

Arena Ocean of Opportunities
Både store og mindre bedrifter innan utvikling og produksjon av fiskefor, oppdrettsbedrifter og leverandørindustri tek del i dette Arenaprosjektet.  Dei vil samarbeide i nettverk med regionale FoU- og kunnskapsmiljø om å leggje eit fundament for ei bærekraftig havbruksklyngje i framtida.

www.arenaprogrammet.no