Kommunal- og regionaldepartementet

Signerte samarbeidsavtale med India

Pressemelding   •   sep 16, 2010 09:56 CEST

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og den indiske ministeren Dr. C.P. Joshi skreiv i dag under ein samarbeidsavtale om utvikling av lokaldemokrati i dei to landa.

Kommunal- og regionaldepartementet og The Ministry of Panchayati Raj skal framover samarbeide om ulike måtar å utvikle lokaldemokratiet på.

- Avtalen gir grunnlag for samarbeid både mellom politikarar på sentralt og lokalt nivå og forskarar i dei to landa. Me kan lære av kvarandre. India har mellom anna over 80 prosent valdeltaking ved lokalvala sine og dette er høgare valdeltaking enn me har i Noreg, seier Liv Signe Navarsete.

Minister of Rural Development and Panchayati Raj Dr. C. P. Joshi har i tre dagar vitja Noreg. Den indiske ministeren har ansvar for utviklinga av den indiske landsbygda og det lokale sjølvstyret på landsbygda.

Tysdag vitja den indiske delegasjonen Sigdal kommune. Tema der var mellom anna Sigdal si deltaking i prosjektet Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken.

- India jobbar særs aktivt for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken. Det same gjer me her i Noreg. Vi har dei same utfordringane og kan lære av kvarandre. Ministeren uttrykte at besøket i Sigdal var interessant og var særs oppteken av det gode arbeidet med ungdomsråd dei driv mellom anna i Sigdal, seier Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.