ABM-utvikling

Sjølvbetjent bibliotek i Dyrøy

Pressemelding   •   feb 22, 2010 21:51 CET

I Dyrøy vil biblioteket gi ut nøkkelen til innbyggarane. Folkebiblioteket får 130 000 kr frå ABM-utvikling til å prøve ut ei ordning med sjølvbetjent bibliotek.

Prosjektet ”Nøkkel til biblioteket” skal gje alle innbyggarar i Dyrøy kommune over 15 år tilbod om eigen nøkkel til biblioteket. Brukarar som ønskjer det får eitt felles nøkkelkort og lånekort. Også hyttegjestar får tilgang til bibliotekets boksamling. 

- Dette er eit spanande forsøksprosjekt med stor overføringsverdi til alle mindre kommunar, seier avdelingsdirektør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling i ein kommentar. Ubemanna bibliotek er ei ordning som bør prøvas ut for å få utvida bibliotekets opningstider. Tilsvarande modell er prøvd ut med hell både i Danmark og Sverige. Men eit ubemanna bibliotek skal vere eit supplement og ikkje erstatning for eit bemanna bibliotek, seier Indergaard.

Les søknaden

Dyrøy folkebibliotek: Nøkkel til biblioteket

Fakta om tildelinga

I 2010 deler ABM-utvikling ut 32,6 millionar kroner til 114 søknader frå arkiv, bibliotek og museum. Midlane fordeler seg slik:

  • 85 får tilsegn om 22 764 000 kr til utviklingsprosjekt for å utvikle møteplassar for kunnskaps- og kulturformidling samt partnarskap og samarbeid
  • 4 får tilsegn om 716 000 kr til teiknspråkbøker for døve
  • 25 får tilsegn om 9 120 000 kr til sikringstiltak ved norske museum

Det kom inn 274 søknader om til saman 102 millionar kroner.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon 913 47 369 / 23 11 75 99
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør bibliotekutvikling Leikny Haga Indergaard
- telefon 951 00 785 / 23 11 75 00
- e-post: leikny.haga.indergaard(a)abm-utvikling.no

Oversikt over alle tildelingane finn du her (lenke)