Statistisk sentralbyrå SSB

Skatterekneskapsstatistikk, januar 2010

Pressemelding   •   feb 19, 2010 10:17 CET

Svak auke i skatteinnbetalingane
Totale skatteinnbetalingar i januar 2010 utgjorde 65,4 milliardar kroner. Dette svarar til ein svak auke på 1,2 prosent, eller 800 millionar kroner, frå januar 2009.

[Figur: Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar 2008-2009 og 2009-2010]

Framfor alt kjem den svake auken etter lågare inntekter frå arbeidsgjevaravgifta og på grunn av reduksjon av fellesskatt til staten. Fellesskatten var 700 millionar, eller 5 prosent, lågare enn i same månaden i 2009. Arbeidsgjevaravgifta utgjorde 21,4 milliardar, noko som svarar til ein nedgang på 400 millionar, eller 1,8 prosent.

6,8 prosent meir til primærkommunane
Skatteinnbetalingane til primærkommunane utgjorde 14,1 milliardar. Det er ein auke frå 2009 på 6,8 prosent, eller 900 millionar. Skatteinngangen til fylka auka med 1 prosent til 2,7 milliardar kroner.


http://www.ssb.no/skatteregn/