Statistisk sentralbyrå SSB

Skatterekneskapsstatistikk, januar-desember 2009

Pressemelding   •   jan 21, 2010 09:41 CET

Lågare skatteinnbetalingar i 2009

I 2009 blei det innbetalt 694,7 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på 60,7 milliardar eller 8 prosent jamført med 2008.

Det er fyrste gongen sidan 2002 at skatterekneskapen ved årets slutt syner ein nedgang i skatteinnbetalingane frå året før. Nedgangen kjem av ein reduksjon i oljeskattane på 74,1 milliardar, eller 31 prosent frå 2008, til 165,3 milliardar. Skatteinnbetalingar utanom oljeskattane utgjorde 525,6 milliardar, ein svak auke på 2,5 prosent, eller 13 milliardar kroner, frå i fjor. Til samanlikning var det frå 2007 til 2008 ein vekst på 10,5 prosent i skatteinnbetalingane utanom oljeskattar.

108,5 milliardar til primærkommunane

Skatteinngangen til primærkommunane var 6,1 milliardar, eller 5,9 prosent, høgare enn i 2008 og utgjorde 108,5 milliardar. Skatteinntektene til fylkeskommunane var 21,1 milliardar. Dette er ein auke på dryge 400 millionar, eller 2,1 prosent, jamført med 2008.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda utgjorde høvesvis 120,6 og 89,4 milliardar. Det tilsvarer ein auke på høvesvis 4,8 og 7,3 prosent.

Tabeller http://www.ssb.no/skatteregn/