Statistisk sentralbyrå SSB

Skattestatistikk. Oversyn over skattelikninga, 2008

Pressemelding   •   feb 16, 2010 10:27 CET

647 milliardar i utlikna skatt

Personar og selskap fekk utlikna til saman 647 milliardar kroner i skatt for inntektsåret 2008. Dette var 78 milliardar kroner meir enn året før.

Utlikna selskapsskatt utgjorde 320 milliardar kroner i 2008, medan sum utlikna skatt for personar utgjorde 327 milliardar. Dette er 59 milliardar meir for selskap og 19 milliardar meir for personar enn i 2007.

Fordeling på skattekreditor

Sum utlikna  inntekts- og formuesskatt til staten utgjorde 441 milliardar kroner. Dette er ein auke på 68 milliardar kroner samanlikna med året før. Til samanlikning fekk kommunane utlikna 101 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt, ein auke på i underkant av 3 milliardar kroner.

Sum utlikna medlemsavgift til folketrygda utgjorde vel 84 milliardar kroner i 2008. Dette var vel 7 milliardar kroner meir enn i 2007. Inntektsskatten til fylkeskommunane utgjorde 20,5 milliardar kroner, ein auke på vel 0,5 milliardar kroner

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratet sitt register over likninga for personar og selskap. Alle tal er etter frådrag i skatt.

[Tabell: Skatt på alminnelig inntekt, skattesatser for 2007-2008]

For meir informasjon om skattestatistikk for personar, sjå:
http://www.ssb.no/skattoppgjor/

For meir informasjon om skattestatistikk for selskap, sjå:
http://www.ssb.no/skattepl/


http://www.ssb.no/skattlign/