Utenriksdepartementet

Solheim lanserar tenesta Sende pengar heim

Pressemelding   •   nov 05, 2010 10:21 CET

Sende pengar heim er ei netteneste som gjer det rimelegare og tryggare å overføre pengar til utlandet.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim lanserar tenesta samen med barne-, likestilling- og inkluderingsminister Audun Lysbakken på måndag.

Innvandrarar i Noreg sender kvart år store pengesummar til slekt og vener i heimlandet. For folk i fattige land er denne hjelpa med på å auke levestandarden og skape vekst.

Les meir om lanseringa på Finansportalen.

Tid: Måndag 8. november, kl. 13 – 14.
Stad: Marmorhallen, DnB Nor, Kirkegata 21, Oslo

Pressekontakt: Fung. informasjonssjef Trine Jøranli Eskedal, mobil: 415 21 639

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal være lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 34. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.