Utenriksdepartementet

Solheim opnar pionerprosjekt for økoturisme i Kenya

Pressemelding   •   feb 18, 2011 16:34 CET

Noreg har investert ni millionar kroner i eit pionerprosjekt for å foreine turisme og bærekraftig utvikling i den verdskjente nasjonalparken Masai Mara i Kenya. Verneområdet blir offisielt opna av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim mandag 21. februar.

– Den store vandringa av ville dyr i dette området er ein unik verdsarv. Lite vatten, privatisering av beitemark og overbefolkning har sett området under press. Eg er imponert over korleis deltakarane i prosjektet har samarbeidd om løysingar som alle kan tene på, seier Solheim.

Verneområdet er på 200 kvadratkilometer. Det er kome i stand etter samarbeid mellom lokalbefolkninga, landeigarar og turistindustrien. Prosjektet sikrar omlag 500 masaifamiliar inntekter i minst 15 år framover. Det statlege norske selskapet Norfund er samarbeidspartnar. Norfund har investert ni millionar kroner i prosjektet gjennom norske Basecamp Explorer Kenya.

Solheim er på reise i Aust-Afrika fram til 24. februar. Han skal óg besøke Burundi, Tanzania og Uganda.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Christian Grotnes Halvorsen, 481 53 748 (med på reisa)