Utenriksdepartementet

Solheim vitjar Burma

Pressemelding   •   feb 26, 2010 15:53 CET

Priv. til red.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vitjar Burma i juni, to år etter at syklonen Nargis ramma landet.

Solheim ynskjer å sjå nærare på den humanitære situasjonen i Burma (Myanmar), og kjem mellom anna til å reise i felt for å møte lokal folkesetnad. Noreg støttar fleire humanitære prosjekt i landet. Solheim vil òg møte burmesiske styresmakter i tillegg til burmesiske og norske organisasjonar.

Noreg har dei to siste åra gitt til saman 320 millionar kroner i naudhjelp og til gjenreising i Burma. Syklonen Nargis som ramma Burma i mai 2008 er den verste naturkatastrofen i landet nokon sinne. Over to millionar menneske i Irrawaddy-deltaet vart råka, og rundt 140 000 menneske omkom.

Solheim vitja også Burma i januar 2009.

Vi minner samstundes om Solheim sine planlagde reiser til Afrika, Nepal og Haiti.

Vi ber journalistar/fotografar som er interessert i å dekke reisa til Burma å ta kontakt så raskt som mogleg for informasjon om reisa og søking av visum.

Pressekontakt: Informasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303, e-post trv@mfa.no.

***

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgivarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Teksten du les no har ein verdi på 33. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.