Utenriksdepartementet

Solheim vitjar Nepal

Pressemelding   •   feb 11, 2010 16:11 CET

Priv. til red.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vitjar Kathmandu 22. og 23. mars 2010 for å følgje opp det norske fredsarbeidet.

Solheim skal ha samtalar med toppleiarane i fredsprosessen mellom anna for å drøfte den politiske utviklinga. Fredsprosessen er i ein kritisk fase. Noreg har lenge aktivt støtta opp om arbeidet for fred i landet.

Under reisa vil Solheim òg sjå nærare på norsk bistand til Nepal. Dei seinare åra er norsk bistand til landet trappa opp. Støtte til stabilitet og fredleg, langsiktig utvikling er prioriterte område. Bistanden var på om lag 260 millionar kroner i 2008.

Ein ber presse som ynskjer å delta på heile eller deler av reisa å ta kontakt for ytterlegare informasjon.

Pressekontakt: Informasjonsrådgivar Trine Jøranli Eskedal, e-post: trj@mfa.no, mobil 415 21 639 (med på reisa).