Statsministerens kontor

Statsministeren møter USAs energiminister kl. 10.30

Pressemelding   •   des 11, 2009 09:59 CET

Statsminister Jens Stoltenberg møter USAs energiminister Steven Chu fredag 11. desember kl. 10.30, på Statsministerens kontor. Tema for møtet vil blant anna vera karbonfangst og energi.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek også på møtet.

Det er mogleg å fotografera ved oppstarten av møtet. Møtedeltakarane vil vera tilgjengelege for korte kommentarar om lag kl. 10.55.