Statsministerens kontor

Statsministeren til Sør-Afrika, Australia og Antarktis

Pressemelding   •   nov 28, 2011 10:52 CET

Statsminister Jens Stoltenberg deltek på klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika 7. desember 2011. Stoltenberg deltek på høgnivådelen av klimatoppmøtet, der han skal halda Noreg sitt hovudinnlegg. I tillegg skal han leia ein høgnivådiskusjon om klimafinansiering, saman med blant andre FNs generalsekretær Ban Ki-moon.

8. til 10. desember er statsministeren på offisielt besøk i Australia, der han blant anna skal ha politiske samtalar med Australias statsminister og delta på fleire arrangement med norsk og australsk næringsliv.

Frå 12. til 15. desember besøkjer statsministeren Sydpolen for å markera at det er 100 år sidan Roald Amundsen nådde polpunktet. Statsministeren vil framheva betydninga av Antarktis for å forstå dei globale klimaendringane, og i tillegg fokusera på dei alvorlege konsekvensane klimaendringane som skjer i Antarktis kan få for klimaet og havnivået globalt.

På veg heim frå Antarktis vil statsministeren stoppa i New Zealand for eit møte med New Zealands statsminister.

Pressekontakt for statsministerens reise til Sør-Afrika og Sydpolen er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Pressekontakt for statsministerens reise til Australia er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.