Statsministerens kontor

Statsministerens program veke 37

Pressemelding   •   sep 13, 2010 09:58 CEST

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.30 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 12. september:
Kl. 20.00: Statsminister Jens Stoltenberg er vert for ein middag i høve konferansen ”The Challenges of Growth, Employment, and Social Cohesion”. Det vil vera pool-ordning for fotografar ved starten av møtet. Sjå priv. til red. Stad: Statsministerbustaden, Inkognitogaten 18.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon: 909 38 987.

Mandag 13. september:
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på konferansen ”The Challenges of Growth, Employment, and Social Cohesion”. Tema er utfordringane i arbeidsmarknaden etter finanskrisa. Sjå priv. til red. Følg konferansen på nett-tv. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon: 909 38 987.

Onsdag 15. september:
Statsministeren deltek på signeringa av avtalen mellom Noreg og Russland om maritim avgrensing og samarbeid i Barentshavet og Polhavet. Sjå priv. til red. Stad: Murmansk.

Kl. 18.00 (tidspunktet kan forskyvast noko, avhengig av når programmet i Murmansk avsluttast): Stoltenberg vil orientere om avtalen og muligheitene som følgjer av denne i dialog med sentrale aktørar i nord. Statsministeren er tilgjengelig for pressa etter møtet. Sjå priv. til red. Stad: Thon Hotell Kirkenes.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Torsdag 16. september:
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Arbeidarpartiets landsstyremøte. Stad: Samfunnssalen, Arbeidersamfunnets plass 1.

Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 995 41 911.

Laurdag 18. september:
Statsministeren reiser til New York for å delta på FNs generalforsamling 18.-22. september. FNs tusenårsmål og klima er sentrale tema.

Pressekontaktar er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 995 41 911 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10.