Statsministerens kontor

Statsministerens program veke 47

Pressemelding   •   nov 22, 2010 09:11 CET

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.30 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 22. november:
Kl. 10.30: Statsminister Jens Stoltenberg held innlegg om klima på ZERO-konferansen 2010. Stad: Clarion Hotel Oslo Ariport.

Pressekontakt er statssekretær Mina Gerhardsen, telefon 918 52 986.

Tysdag 23. november:
Statsminister Jens Stoltenberg og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa opnar ny E18 Krosby-Knapstad. Det er oppmøte ved Askimportens austre tunnelportal ved Krosbykrysset kl. 09.45.

Me viser elles til program sendt ut 17. november 2010.

Pressekontaktar er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 24. november:
Kl. 10.40: Statsminister Jens Stoltenberg markerer at det er vedteke å byggja ny Rv. 7 mellom Sokna og Ørgenvika i kommunane Ringerike og Krødsherad i Buskerud. Statsministeren får ei orientering av Statens vegvesen, og møter også ordførarane i dei to kommunane. Stad: Kroksrud, Sokna.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 14.00: Statsministeren held innlegg på LO Stats kartellkonferanse på Gol.

Pressekontakt er statssekretær Mina Gerhardsen, telefon 918 52 986.

Torsdag 25. november:
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med finansdebatten.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.