Statsministerens kontor

Statsministerens program veke 47

Pressemelding   •   nov 21, 2011 12:43 CET

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse måndag og torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 22. november
Kl. 12.00: Statsminister Jens Stoltenberg, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete møter bedrifter og organisasjonar for å lytta til korleis ulike bransjar i Noreg er påverka av den internasjonale finansuroa og korleis framtidsutsiktene vert vurderte.

Møtet finn stad i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Deltakarane er tilgjengelege for pressa etter møtet, om lag kl. 14.00.

Pressekontaktar er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 23. november
Kl. 13.00
: Statsministeren deltek på kartellkonferansen til LO Stat på Pers hotell på Gol.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.

Torsdag 24. november
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med finansdebatten.

Pressekontakt er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224.

Fredag 25. november
Kl. 10.15: Statsministeren har bilateral samtale med Salam Fayyad, statsminister for dei palestinske myndigheitane, i Inkognitogaten 18.

Det er høve til å fotografere ved innleiinga til møtet. Kort pressehøve etter møtet, om lag kl. 10.40.

Pressekontakt er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224.