Statsministerens kontor

Statsministerens program veke 5 - oppdatert

Pressemelding   •   feb 03, 2010 09:24 CET

Tysdag 2. februar:

Statsminister Jens Stoltenberg, miljøvernminister Erik Solheim og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen møter representantar for partia på Stortinget for å orientera om oppfølginga av klimamøtet i København, på Statsministerens kontor kl. 14.00. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Deltakarane er tilgjengelege for pressa etter møtet.

Pressekontakt er statssekretær Mina Gerhardsen, telefon 918 52 986.

Onsdag 3. februar:

Kl. 10.00: Statsministeren møter kontaktutvalet med organisasjonane i arbeidslivet, på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet.

Kl. 12.00: Statsministeren, fleire statsrådar og partane i arbeidslivet deltek på eit eige møte om inkluderande arbeidsliv, på Statsministerens kontor. Ved starten av møtet vil arbeidsminister Hanne Bjurstrøm få overlevert rapporten frå ekspertgruppa som har vurdert administrative tiltak for å få sjukefråværet ned. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet, inkludert overrekkinga av rapporten.

Kl. 13.00: Ekspertgruppa inviterer til pressebrief, der rapporten blir presentert. Dette går føre seg på møterom 101, H-blokka (1. etasje). Sjå også pressemelding frå Arbeidsdepartementet.

Om lag kl. 14.00: Statsministeren, statsrådane, ekspertgruppa og partane i arbeidslivet er tilgjengelege for pressa, på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, tlf. 957 26 510.

Torsdag 4. og fredag 5. februar:

Statsminister Jens Stoltenberg besøkjer India for samtalar med Indias statsminister Manmohan Singh, hovudinnlegg på klimakonferansen i Delhi, andre politiske samtalar og feltbesøk til eit norsk solcelleprosjekt.

Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, tlf. 995 41 911.