Fiskeri- og kystdepartementet

Statsråden tok imot KS2-rapport om heving av U-864

Pressemelding   •   des 16, 2009 16:07 CET

Dovre Group og Transportøkonomisk institutt har på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet gjennomført ei ekstern kvalitetssikring(KS2) for heving av U-864. Rapporten vart i dag presentert for og overlevert til statsråd Lisbeth Berg-Hansen.

Regjeringa gjekk i januar i år inn for at U-864 skal hevast, og samtidig vart det bestemt at det skulle gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring.

- Eg vil bruke jula til å setje meg grundig inn i denne rapporten. Regjeringa vil så på nyåret fremme ei sak for Stortinget om den vidare prosessen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Rapporten frå Dovre og Transportøkonomisk institutt kan lastast ned her (pdf-format)

Kontakt: Pressevakttelefon 22 24 66 99