Kommunal- og regionaldepartementet

Stor etterspurnad etter lån i Husbanken

Pressemelding   •   sep 24, 2010 09:23 CEST

Etterspurnaden etter låneordningane til Husbanken er betydeleg i 2010. - Det vil kome nye 15 milliardar kroner på låneramma neste år, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er ei særleg auke av startlån til unge og vanskelegstilte. Dessutan blir det gjeve fleire lån til barnehagar enn venta. Konsekvensen er at Husbanken ikkje kan gje tilsegn om fleire grunnlån til nybygg i år. Husbanken vil likevel halde fram med å handsame søknadane som kjem inn og gje nye tilsegn i 2011, når ny låneramme på 15 milliardar kroner blir stilt til disposisjon.

Husbanken har ein god dialog med byggjebransjen, slik at utsetjinga ikkje skal føre til negative konsekvensar for byggjemarknaden.

- Med ei låneramme for 15 milliardar kroner ligg det til rette for høy aktivitet i Husbanken også i 2011, seier Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.