Kommunal- og regionaldepartementet

Stor interesse for bulystsatsinga

Pressemelding   •   jun 03, 2011 15:51 CEST

165 nye prosjekt ynskjer å ta del i den nasjonale bulystsatsinga.

Tidlegare i vinter vart det lyst ut 47 millionar kroner i prosjektmidlar for å utvikle attraktive lokalsamfunn i norske distriktskommunar. Fristen har no gått ut, og det har kome inn søknadar frå heile landet. Den store interessa syner at mange distriktskommunar i Noreg satsar på utviklingsarbeid og bulyst.

- Eg er imponert over engasjementet og det store arbeidet som er lagt ned, seier statsråd Liv Signe Navarsete. - Vi går no inn i ei intensiv arbeidsøkt for å handsame og finne fram til kva prosjekt vi skal støtte. Det har kome inn søknader som går langt over den pengesummen vi har tilgjengeleg. Det vil derfor vere naudsynt med ei hard prioritering for å finne fram til dei prosjekta vi kan støtte.

- Fylkeskommunane har gjort ein stor jobb med å prioritere søknadar frå sine fylke. Den endelege avgjerda om kven som får tildelt midlar offentleggjerast i august, seier kommunal- og regionalministeren.

Bulystsatsinga er ein del av Regjeringa sitt distriktspolitiske løft. Kommunal- og regionaldepartementet tek sikte på å vidareføre satsinga fram til 2013.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00