Kommunal- og regionaldepartementet

Stort engasjement for bustadpolitikken

Pressemelding   •   jun 21, 2011 17:01 CEST

- Eg vonar det bustadpolitiske arbeidet blir styrka over heile landet, og ser fram til å få mange gode innspel til bustadpolitikken. Eg set stor pris på engasjementet til dei som skal vere med i råda, sa statsråd Liv Signe Navarsete då ho 21.06.11 samla Husbanken sine nye regionale råd for fyrste gong.

Dei nye råda kjem i staden for dei gamle regionale Husbankstyra som blei avvikla i 2010. Råda blir viktige aktørar for å medverke til god samordning av bustadpolitikken mellom stat, kommune og private. Det er Husbanken som gjennomfører den statlege bustadpolitikken. Husbanken forvaltar økonomiske verkemiddel som bustøtte, tilskott og lån.

- For å  utnytte dei bustadpolitiske verkemidla effektivt, må Husbanken samarbeide aktivt med kommunar, byggjebransje og andre velferdsaktørar, difor har eg sett ned eit råd for kvart av dei seks regionkontora til Husbanken, seier Navarsete.

Råda skal vere bindeledd overfor samfunnet, og særskild overfor kommunane. Råda skal dessutan ha eit årleg møte med Kommunal- og regionaldepartementet for å diskutere bustadpolitiske spørsmål og gje innspel til korleis den sentrale bustadpolitikken kan bli utforma og gjennomført.

Statsråd Navarsete har oppnemnd følgjande til råda for regionkontora til Husbanken:

Region Hammerfest:
Geir Sagelv, Nordreisa – leiar, sjølvstendig næringsdrivande
Gunhild Johansen, Tromsø, varaordførar
Eva Husby, Hasvik, ordførar
Kristina Hansen, Nordkapp, ordførar
Frank Ingilæ, Tana, ordførar.

Region Bodø:
Hild Marit Olsen, Bodø – leiar, kommunepolitikar
Siv Anita Brekke, Fauske, kommunepolitikar
Edmund Dahle, Sømna, ordførar
Kjell Børge-Freiberg, Hadsel, ordførar
Johnny Finstad, Vestvågøy, ordførar.

Region Midt-Norge:
Marit Voll Skrove, Verdal – leiar, kommunepolitikar
John Ole Aspli, Rindal, ordførar
Bjørn Tømmerdal, Ålesund, ordførar
Sissel Trønsdal, Trondheim, kommunalråd
Robert Svarva, Levanger, ordførar.

Region vest:
Lisbeth Iversen, Bergen – leiar, byrådsmedlem
Jenny Følling, Gaular, ordførar
Petter Steen, Haugesund, ordførar
Solveig Malene Borgersen, Sandnes, kommunepolitikar
Odd Kristian Reme, Stavanger, kommunalråd.

Region sør:
Tore Opdal Hansen, Drammen – leiar, ordførar
Mette Gundersen, Kristiansand, varaordførar
Thorild Brandsdal, Vennesla, ordførar
Arne Thomassen, Lillesand, ordførar
Rolf Erling Andersen, Skien, ordførar.

Region øst:
Stian Berger Røsland, Oslo – leiar, byrådleiar
Anita Ihle Steen, Ringsaker, ordførar
Arve Bones, Kongsvinger, ordførar
Ole Haabet, Kråkerøy, Fylkesordførar Østfold
Eva Kristin Andersen, Fredrikstad, ordførar

 


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.