Kommunal- og regionaldepartementet

Straumstøtte til bustøttemottakarar kjem rundt 10. mars

Pressemelding   •   feb 22, 2011 09:54 CET

I mars får om lag 125 000 husstandar minimum 2500 kroner som hjelp til å dekkje høge energirekningar.

- Etter ein kald vinter med høge straumprisar får mange no høge energirekningar. Difor gjev vi dei som slit mest med låge inntekter og høge bukostnader hjelp til å dekkje dei høge energiutgiftene, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er dei om lag 125 000 husstandane som får bustøtte for februar månad som no vil få 2500 kroner for første medlem i husstanden og i tillegg 100 kroner for kvart ekstra medlem. Ein familie på fire vil til dømes få ei ekstra utbetaling på 2800 kroner. Til saman blir det utbetalt 318,5 millionar kroner.

Stortinget handsamar saka 22.02.11.


Kommunal- og ergionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.