Toll og avgiftsdirektoratet

Tatt med dopingmiddel

Pressemelding   •   feb 01, 2011 14:40 CET

Flypassasjeren hadde 2 500 tablettar og ampullar i bagasjen da tollarar stoppa han på Stavanger lufthamn Sola.

29-åringen, som bur i Stavanger, kom med fly frå København. Ein av Tollvesenets hundar markerte på mannens bagasje, og tollarane gjennomførte ein grundig tollkontroll. I bagasjen fann dei i alt 2 500 tablettar og ampullar med dopingmiddel. Dei fann òg ei mindre mengd hasj.

Tollarane overleverte mannen til politiet etter tollkontrollen.