Olje- og energidepartementet

Utdrag frå olje- og energiminister Ola Borten Moe sin kalender for veke 25

Pressemelding   •   jun 16, 2011 21:19 CEST

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

 

Laurdag 18. juni

Olje- og energiminister Ola Borten Moe reiser til Finland for å delta på landsmøtet til Svenska Folkpartiet. Han vil også vitje eit kjernekraftverk utanfor Helsinki under besøket.

Presskontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang, tlf. 93401382.

Sundag 19. til tysdag 21. juni

Olje- og energiminister Ola Borten Moe reiser sundag 19.juni til Moskva.

Måndag 20.juni held statsråden innlegg på eit seminar i regi av Statoil. Det vert også innleiingar frå mellom anna russiske energimyndigheiter, Statoil og Gazprom.

Tysdag 21. juni møter han representantar frå russiske energimyndigheiter.

For meir informasjon om besøket og avtale om intervju, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang på  telefon 93 40 13 82 eller .

 

Fredag 24. juni

Olje- og energiminister Ola Borten Moe deltek på Senterungdommen sin sommarleir på Ringerike folkehøgskule.