Olje- og energidepartementet

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 43

Pressemelding   •   okt 21, 2010 16:37 CEST

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.


Måndag 25.oktober
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen møter kollegar frå dei andre nordiske landa på nordisk energiministermøte i København. Blant tema for møtet er el-marknaden og status for det nordiske energisamarbeidet.

Klokka 14.00 skal statsråden halde innlegg på Nordisk Energiforskning sitt 25-års jubileum. Nordisk Energiforskning ligg under Nordisk Ministerråd.

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, tlf. 915 17 357.


Tysdag 26. oktober
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen møter, saman med kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete, i Stortinget sin Kontroll- og konstitusjonskomité for å svare på spørsmål om forhold knytt til inhabilitet hos statsrådskollegaer i samband med pengegåver til Senterpartiet. Statssekretær Sigrid Hjørnegård følgjer med statsråden.


Laurdag 30. – Sundag 31.oktober
Statsråd Terje Riis-Johansen deltek på Senterpartiet sitt 90 års jubileum i Oslo.