Olje- og energidepartementet

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 9

Pressemelding   •   feb 26, 2010 15:39 CET

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Måndag 1. mars
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen har invitert til samråd i Florø i Sogn og Fjordane, for å få innspel til arbeidet med ny stortingsmelding om petroleumsverksemda. Hovudtemaet for samrådet er ringverknader og næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

Samrådet finn stad på Quality Hotel Florø frå klokka 19.30 til 21.30 og er ope for pressa.

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, tlf. 91 51 73 57.

Tysdag 2. mars
Klokka 09.15 besøker statsråd Terje Riis-Johansen Sikkerhetssenteret på Måløy i Sogn og Fjordane. Seinare på dagen besøker han nokre verksemder tilknytt Teknopollen på Måløy, kor han skal sjå på ny teknologi knytt til vindkraft og produksjon av fornybar energi til havs.

Klokka 13.00 held Riis-Johansen innlegg på Vindkraftforum 2010 som arrangerast av Vindkraftforum Sogn og Fjordane. Statsråden skal snakke om mellom anna vindkraft til havs. Forumet finn stad i Samfunnshallen på Måløy.

Statsråden vil vere tilgjengelig for pressa. Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, tlf. 91 51 73 57.

Fredag 5. mars
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek på Telemark Senterparti sitt fylkesårsmøte.