Utenriksdepartementet

Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 38

Pressemelding   •   sep 17, 2010 16:00 CEST

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalendaren på regjeringa.no.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre

Måndag 20. – onsdag 22. september
Utanriksministeren deltek på FNs toppmøte om tusenårsmåla . Sjå også eigen Priv. til red. Stad: New York

Pressekontakt: Underdirektør Ragnhild Imerslund, mobil 41 47 93 63

Torsdag 23. – fredag 24. september  
Utanriksministeren deltek på FNs 65. generalforsamling. Sjå også eigen Priv. til red. Stad: New York

Pressekontakt: Underdirektør Ragnhild Imerslund, mobil 41 47 93 63

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Måndag 20. - onsdag 22. september
Solheim deltek på FN sitt toppmøte om tusenårsmåla i New York. Les meir her. Sjå også eigen Priv. til red.

Pressekontakt: Informasjonssjef Trond Viken, mobil: 992 18 303 (med på reisa).

Torsdag 23. – fredag 24. september
Solheim leiar høynivådelen under møtet i Ospar-konvensjonen. Det er eit møte som samlar landa rundt det nordøstlige Atlanterhavet for å diskutere sentrale spørsmål for havmiljøet. Stad: Bergen

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Gard Nybro-Nielsen (MD), mobil: 952 44 674.

Statssekretær Espen Barth Eide

Måndag 20. september
Kl. 11:00 – 13:00: Statssekretær Barth Eide deltek på seminar om menneskerettigheter i Russland (arrangert av Helsingforskomiteen og Amnesty). Stad: Lysebu, Oslo

Pressekontakt: Pressevakt, 23 95 00 02

Onsdag 22. september
Kl. 10.00 – 11.00:  Statssekretær Barth Eide møter Dr Fahmida Mirza, Pakistans parlamentspresident. Stad: Utanriksdepartementet

Pressekontakt: Pressevakt, 23 95 00 02

Kl. 13:00 – 14:15:  Statssekretær Barth Eide deltek på Nupi-konferansen ”Ansvar og global styring”. Stad: Hotel Bristol

Pressekontakt: Pressevakt, 23 95 00 02

Statssekretær Erik Lahnstein

Tysdag 21. - onsdag 22. september
Statssekretær Lahnstein deltek på reiselivsseminar. Stad: Bodø.

Pressekontakt: Pressevakt 23 95 00 02

Torsdag 23. – fredag 24. september
Statssekretær Lahnstein deltek i bilaterale møtar. Stad: Reykjavik, Island

Pressekontakt: Pressevakt, 23 95 00 02

Statssekretær Ingrid Fiskaa

Måndag 20. september
Kl. 11.00 Fiskaa deltek på opninga av utstillinga «Ei verd på spel». Stad: Jærmuseet, Vitengarden, Nærbø (Hå kommune).

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker i UD, mobil 913 95 000.

Torsdag 23. – lørdag 25. september
Fiskaa deltek på opninga av FN sin generalforsamling i New York. Les meir her. Sjå også eigen Priv. til red.

Pressekontakt: Informasjonssjef Trond Viken, mobil: 992 18 303 (med på reisa).