Utenriksdepartementet

Utdrag frå Utanriksdepartementets program veke 8

Pressemelding   •   feb 18, 2011 16:31 CET

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalendaren på regjeringa.no.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre

Måndag 21. – onsdag 23. februar
Utanriksminister Støre er på vinterferie

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Måndag 21. og tysdag 22. februar
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkjer Kenya. Han skal mellom anna opna eit pionerprosjekt for økoturisme i den verdskjente nasjonalparken Masai Mara. Han deltek òg på eit ministermøte i FN sitt  miljøprogram (Unep) i Nairobi. Les meir her.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Christian Halvorsen (UD), mobil 481 53 748 (med på reisa)

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Gard Nybro-Nielsen(MD), mobil 952 44 674 (med på reisa)

Onsdag 23. februar
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkjer Uganda. Han skal mellom anna ha møte med ugandiske styresmakter.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Christian Halvorsen (UD), mobil 481 53 748 (med på reisa)

Torsdag 24. februar
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er på synfaring på det kjernefysiske anlegget Sellafield i England.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Gard Nybro-Nielsen (MD), mobil 952 44 674 (med på reisa)

Statssekretær Espen Barth Eide

Måndag 21. februar 
Statssekretær Espen Barth Eide er til stades på ein nordisk konferanse i Stockholm etter Davos; "Gaining Competitive Advantage from the Nordic Experience".

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 22. februar
Statssekretær Eide deltek i det 2. parlamentarikarforum for den nordlege dimensjon. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 25. februar
Kl. 11.30-13.15  Statssekretær Eide deltek i paneldebatt for journalistutdanninga. Stad: HiO, Pilestredet 48, rom P168

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Erik Lahnstein

Måndag 21. – fredag 25. februar
Statssekretær Lahnstein er på vinterferie.

Statssekretær Ingrid Fiskaa

Måndag 21. til torsdag 24. februar
Statssekretær Ingrid Fiskaa deltek på møtet til Kvinnekommisjonen i New York. Tema for møtet er kvinner og utdanning, opplæring, vitskap og teknologi. Les meir her.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms).