Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Utset søknader om småkraft grunna manglande nettkapasitet

Pressemelding   •   des 18, 2009 11:54 CET

NVE har gjort ei vurdering av nettkapasiteten på regional- og sentralnettnivå, og mogelegheitene for innmating av ny kraft. I mange kommunar er det i dag ikkje plass til meir innmating og NVE utset difor saker i desse områda.
NVE har gjort ei vurdering av nettkapasiteten i alle kommunar i landet og mogelegheitene for ny innmating på regional- og/eller sentralnettnivå. I fleire kommunar er kapasiteten på desse nettnivåa i dag tilnærma fullt utnytta. Det vil i svært liten grad vere mogeleg å knyte til ny kraftproduksjon før kapasiteten vert auka.
- Som eit ledd i NVE si prioritering av saker har vi difor valt å ikkje ta nye søknadar om småkraftverk opp til handsaming i desse områda før tilhøva vert endra, seier avdelingsdirektør Rune Flatby. I fyrste omgang er det omlag 25 saker som vart send inn 1. halvår 2008 som vert utsett. NVE vil gjere ei tilsvarande gjennomgang av andre saker frå siste del av 2008 og heile 2009 i løpet av neste år.
Dei fleste av sakene som vert utsett er på Vestlandet i strekket Møre til Hordaland.
Sentralnettet mellom Aurland og Ørskog har ikkje kapasitet til meir produksjon utover kraftverk som fekk konsesjon før 1.4.2009. Dette omfattar mellom anna kommunane Volda, Vanylven, Stranda, Ørsta, Flora, Vik, Luster og Fjaler. Ein ny 420 kV kraftleidning mellom Ørskog og Sogndal vil auke kapasiteten i området. I enkelte områder, som mellom anna Luster kommune, vil det i tillegg kunne krevjast ytterlegare nettforsterkning for å gje plass til ny produksjon.
I BKK-området og Indre Hardanger er det i dag berre i dei ytre kystkommunane, inkludert Bergen, at det er ledig kapasitet for ny småkraft. Det er særskilt transformatorkapasiteten som er pressa.
Meir informasjon om dei aktuelle kraftverka på www.nve.no

Kontaktpersonar
Om utsett handsaming og kraftverk: Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, 901 98 216
Om nettkapasitet: Fung. seksjonssjef Anne Sofie Risnes, tlf. 22 95 98 33