Justis- og politidepartementet

Utval har vurdert juryordninga

Pressemelding   •   jun 16, 2011 21:19 CEST

Eit lovutval som har vurdert juryordninga si framtid, leverer i morgon si utgreiing til justisminister Knut Storberget.

Jury (lagrette) blir i dag nytta i straffesaker i lagmannsrettane der strafferamma er meir enn seks års fengsel. Utvalet har mellom anna vurdert om juryordninga bør halde fram, bli endra eller erstatta av meddomsrett. Utvalet har óg vurdert om det er mogleg å lage ei ordning der juryen skriftleg grunngjev si avgjerd om skuldspørsmålet.

Tid:   Fredag 17. juni kl. 1000
Stad:  Auditoriet i R5, Akersgata 59

Utvalet blei sett ned 21. mai 2010 og har vert leia av Per Jordal, lagdommar i Gulating lagmannsrett.