Statistisk sentralbyrå SSB

Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningsstatistikk, 4. termin 2009

Pressemelding   •   des 09, 2009 09:49 CET

Omsetningsnedgang på 10 prosent

Omsetninga for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd var på 3,3 milliardar kroner i 4. termin 2009. Dette er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med den same perioden i 2008.

Nedgangen er størst for bedriftene som arbeider med sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning. Dei bedriftene hadde ei omsetning på 854 millionar kroner i 4. termin 2009, ein reduksjon på 33 prosent samanlikna med den same terminen i 2008. Årsaka til nedgangen er i hovudsak at prisane på metall har gått kraftig ned.

Den største næringsgruppa, målt etter omsetning, består av dei bedriftene som driv innsamling av ikkje-farleg avfall. Desse bedriftene hadde ei omsetning på 1,3 milliardar kroner i 4. termin 2009, ein nedgang på 1 prosent samanlikna med det same tidsrommet i 2008.

Viktig melding

Frå 1. termin 2009 blei ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) teken i bruk. Dette er ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Eit nytt næringshovudområde for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd er etablert i samband med overgangen. Gjenvinning er flytta frå industri til dette næringshovudområdet.

For generell informasjon om overgang til ny standard klikk her.

Tabeller