Statistisk sentralbyrå SSB

Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningsstatistikk, 5. termin 2009

Pressemelding   •   feb 12, 2010 09:02 CET

Auka omsetning i vassforsyning, avløp og renovasjon

Omsetninga for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd var på 4,2 milliardar kroner i 5. termin 2009. Dette er ein auke på 2,4 prosent samanlikna med 5. termin 2008.

Auken er størst for bedriftene som arbeider med behandling og disponering av farleg avfall. Desse bedriftene hadde ei omsetning på 183 millionar kroner i 5. termin 2009. Dette var ein auke på 23,6 prosent samanlikna med same periode i 2008.

Den største næringsgruppa, målt etter omsetning, består av dei bedriftene som driv innsamling av ikkje-farleg avfall. Desse bedriftene hadde ei omsetning på 1,7 milliardar kroner i 5. termin 2009, ein auke på 2,4 prosent samanlikna med 2008.

Ny versjon av Standard for næringsgruppering

Frå 1. termin 2009 ble det teke i bruk ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Det er etablert eit nytt næringshovedområde for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd. Gjenvinning er flytta fra industri til dette næringshovedområdet. Les meir om overgang til ny standard

Tabeller
http://www.ssb.no/varoms/