Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Vassmagasinstatistikk veke 48 2009

Pressemelding   •   des 02, 2009 17:38 CET

Liten nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 48 var fyllingsgraden i norske magasin 78,6 prosent. Gjennom veka minka fyllingsgraden med 0,4 prosenteiningar mot ein oppgang på 0,4 prosenteiningar veka før.


Statistikken er utarbeidd av NVE og blir publisert kvar onsdag kl 13. Statistikken skal omfatte magasin som samla har 97,1 prosent av den totale magasinkapasiteten til landet (84,3 TWh).
Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2007 var 80,5 prosent.
Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 81,3 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 75,4 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 79,4 prosent.

http://nve.no/no/Nyhetsarkiv-/Vassmagasinstatistikk/vassmagasinstatistikk-uke-48-2009/