Skagstind

Velkommen til Vårmarknad på Dyrskuplassen

Pressemelding   •   mai 20, 2016 09:12 CEST

Neste helg inviterer Dyrsku’n Arrangement og Vest-Telemark Motorhistoriske klubb til Vårmarknad på Dyrskuplassen. Med bil, motor og antikvitetar i sentrum vil nysgjerrige gjester samle seg til handel og høg trivselsfaktor i Seljord 27. og 28. mai.

Nye og spennande utstillarar

Fleire hundre utstillarar vil tilby både nye og gamle produkt når Dyrskuplassen opnar sommarsesongen. Årets gjesteutstillarar er Hjertehjort, ein bedrift som re-designar gamle møblar og postkasser. Med fokus på farger, humor og lidenskap kan publikum glede seg til ei unik handelsoppleving. I tillegg kjem Seljord Frivilligsentral med godbitar dei har spara på som dei gjævaste skatter gjennom heile vinteren.

«Vi forventar opp mot 250 utstillarar til årets Vårmarknad og garanterer at dei frammøtte får ei morosam og særeigen helg. Årets gjesteutstillarar er bare to av mange spennande og fargerike utstillarar i år», fortel Annette Ajer, arrangementsansvarleg for Vårmarknaden.

Veteranbilar bruka i næring

Kjem du til Vårmarknaden i ein meir enn 30 år gamal bil, er veteranbilutstillinga fredag og laurdag staden å parkere den. Vi forventar opp mot 150 veteranbilar på laurdagen; i år er det særskilt bilar bruka i næring som blir invitert. Veteranbilane blir vurdera av ein jury, og kanskje vankar det ein premie for frammøtet. «Det er alltid moro med veteranbilutstilling. Vi har oppmoda alle om å stille i tidsriktige klede og køyretøy eldre enn 30 år», seier leiar i klubben, Stein Larsen.

Troll-bilen

I år har Troll-bilen planlagt ein tur til Seljord frå sin faste tilhaldsstad i Lunde. Denne bilen vart produsera bare i nokre få utgåver midt på 50-tallet, og er eit klenodium i norsk bilhistorie. På Vårmarknaden kan du ta den i nærare augesyn.

Hittegodsauksjon

Fredag vil det bli auksjon av hittegods frå scena i Fjoset. Hittegodsauksjonen arrangerast normalt sett kvart andre år når lensmannskontora i øvre Telemark går saman for å rydde opp i lagra sine. Tidlegare lensmann i Seljord, Torodd Aase, er leigd inn som årets auksjonarius.

Sommarstemning på Dyrskuplassen

«Vi kan aldri love noko når det gjeld vêret, men langtidsvarselet gir oss grunn til optimisme. Sol og gode varmegrader vil gjere sitt til at folk kan kose seg lenge på Dyrskuplassen med god mat, kjøp og sal av alt du treng, og litt til – eller du kan gjennomføre ein quiz rundt på plassen med flotte premiar», avsluttar Annette Ajer.

Les meir om Vårmarknaden på www.dyrskun.no/vaarmarknad.

Årets opningstider er fredag 27. mai kl. 12.00 – 20.00 og laurdag 28. mai kl. 09.00 – 17.00.