Fiskeri- og kystdepartementet

Vidar Ulriksen til havbruksmessa Aqua Sur 2010 i Chile

Pressemelding   •   okt 20, 2010 11:30 CEST

Statssekretær Vidar Ulriksen drar 20. – 22. oktober til Chile og havbruksmessa Aqua Sur 2010 . På programmet står blant anna politiske samtalar med den chilenske viseminister for fiskeri og havbruk, Pablo Galilea.

Blant tema som vil bli drøfta i dei politiske samtalane er samarbeidsområde innan forsking og forvaltning, utfordringar innan berekraftig havbruk, og kampen mot ulovleg fiske. Det er også lagt til rette for å underteikne ein intensjonsavtale (Memorandum of Understanding - MoU) om fiskeri- og havbrukssamarbeid mellom Noreg og Chile.

Ulriksen deltek mellom anna på ein internasjonal konferanse “Renewing the Vision of Aquaculture” under havbruksmessa. Han skal også besøkje selskapet Aqua Gen sitt nye smolt- og klekkerianlegg.

Kontaktperson:
Pressevakt 22 24 66 99
Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim mob. 905 70 941