ABM-utvikling

Vil gjere samlingane tilgjengelege

Pressemelding   •   feb 22, 2010 21:45 CET

ABM-utvikling deler ut 9 millionar kroner i prosjektstøtte for å auke tilgangen til kjeldene i arkiv, bibliotek og museum.

Bilete av ein "Bollevarg" frå www.digitaltfortalt.no

Nettstaden digitaltmuseum.no vart opna i 2009, og arkivportalen.no vert lansert om kort tid. ABM-utvikling støttar Arkivportalen med 500 000 og ny versjon av Digitalt museum med 800 000. Dermed manglar berre Biblioteksøk før heile abm-sektoren er på nett.

- Me vil opne opp institusjonane og samlingane, seier avdelingsdirektør i ABM-utvikling Gunnar Urtegaard. - Tilgangen til samlingane vil no verte dramatisk betre.

ABM-utvikling støttar fleire digitalprosjekt som handlar om innhald og tilgang:

Oslobilder

ABM-utvikling støttar prosjektet Oslobilder med 400 000 i 2010. Oslobilder.no er eit samarbeid mellom Oslo byarkiv og Oslo Museum der foto i dei to institusjonane skal formidlast samla og gjerast tilgjengelege gjennom Digitalt museum.

"Digitaliseringsfabrikk"

ABM-utvikling støttar arbeidet med eit felles ressurssenter for digitaliseringsarbeid i Møre og Romsdal med 500 000. Digitalisering av samlingane krev samarbeid, kompetanse, utstyr og ressursar. ABM-utvikling ynskjer sterkare samarbeid og satsing i kvart fylke. Kapasitet i kvart fylke er eit nøkkelord.

Frå monolog til dialog

ABM-utvikling ynskjer å betre dialogen mellom institusjonane og brukarane. Mottoet er “meir dialog og mindre monolog”. Østfoldmuseet får støtte til kompetanseheving, til å utvikla sosiale og mobile tenester på museet sine nettsider og til å utvikla god digital formidling.

Digitaltfortalt.no

Digitalt fortalt var ABM-utviklings satsing i Kulturminneåret 2009, og arbeidet held fram i 2010.

Støtte til Digitalt fortalt-prosjekt i 2010:

Søker Prosjekt Sum Oslo Museum Digitalt verksted - et forprosjekt 250 000 Helgeland Museum Krigsbarn - norsk mor - tysk far 26 000 Museum Nord Samisk pionervirksomhet i nordre Nordland/sør-Troms 95 000 Østfold fylkesbibliotek Østfolds kulturhistorie digitalt formidlet 500 000 Sør-Troms Museum Uhørte stemmer og glemte steder 300 000 Museumssenteret i Hordaland Mangfold eller fremmedfrykt 100 000
Museumssenteret i Hordaland En ny arbeidsdag 560 000 Norsk Teknisk Museum Industrimuseum.no 2.0 375 000 Bymuseet i Bergen Det historiske klasserom v2.0 100 000

Fakta om tildelinga

I 2010 deler ABM-utvikling ut 32,6 millionar kroner til 114 søknader frå arkiv, bibliotek og museum. Midlane fordeler seg slik:

  • 85 får tilsegn om 22 764 000 kr til utviklingsprosjekt for å utvikle møteplassar for kunnskaps- og kulturformidling samt partnarskap og samarbeid
  • 4 får tilsegn om 716 000 kr til teiknspråkbøker for døve
  • 25 får tilsegn om 9 120 000 kr til sikringstiltak ved norske museum

Det kom inn 274 søknader om til saman 102 millionar kroner.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon 913 47 369 / 23 11 75 99
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør digitalt ABM Gunnar Urtegaard
- telefon 977 72 807 / 23 11 75 00
- e-post: gunnar.urtegaard(a)abm-utvikling.no

Oversikt over alle tildelingane finn du her (lenke)