Kommunal- og regionaldepartementet

Vurderer lovendring i grensesaker

Pressemelding   •   feb 23, 2011 10:09 CET

Inndelingslova tek ikkje omsyn til kraftrelaterte inntekter ved grensereguleringar. Kommunal- og regionaldepartementet skal no vurdera ei lovendring for grensejusteringssaker, slik at dei økonomiske konsekvensane blir føreseielege.  Søknaden om grensejustering mellom Vaksdal og Modalen er avslått.

Eksingedalen Bygdaråd og Eidslandet Grendalag i Vaksdal kommune søkte i 2008 om å endre kommunetilknyting til Modalen kommune. Det har vore rådgjevande lokale folkerøystingar i kommunane knytt til spørsmålet om grensejustering. Innbyggjarane i Modalen røysta ja til ei grensejustering, medan innbyggjarane i Vaksdal røysta nei. Kommunestyra følgde råda frå innbyggjarane i denne saka. Fylkesmannen i Hordaland tilrådde at grensa ikkje blir endra.

- Dette har vore ei vanskeleg sak kor mange ulike omsyn måtte ivaretakast. Særleg dei kraftrelaterte inntektene har gjort saka utfordrande. Vaksdal kommune har store kraftrelaterte inntekter frå det omsøkte området, som dei vil miste ved ei grensejustering. Eg var i utgangspunktet stemt for ei grensejustering, men eg ser at utsikkerheita rundt det økonomiske oppgjeret gjer ei grensejustering krevjande, særleg for Vaksdal. Eg har difor bestemt at det ikkje vil vere tilrådeleg å gjennomføre ei grensejustering no, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Denne saka har vist oss at det er behov for å sjå på lovverket. Det vil difor bli satt i gang eit utgreiingsarbeid for å vurdere eventuelle endringar i inndelingslova.

- Dette ønskjer eg å gjere for å sjå om det er mogleg å hindre at økonomien kjem i vegen for grensejusteringar som elles er fornuftige, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.